-
Interiør fra Hestnes Hvalstasjon.
Bruk av kvalkjøttet
Kva vart kvalkjøttet og spekket brukt til? Mange i lokalsamfunnet tok del i verksemda, og fangsten vart nøye bokført. Det finaste kjøttet vart pakka i is og sendt til Oslo, mens det nest beste vart sendt til Trondheim. Som vi kan sjå av kjelda fangstdagbok, gjekk mykje av kjøttet til dyrefôr. I tilknyting til kvalstasjonen var det også ein revefarm. På dette viset fekk ein nyttiggjort seg ein større del av kvalen.
Kilde: NDLA (Norsk Digital Læringsarena) v/Bente Merete Heggvik
År: Ukjent
Kilde: sandefjordshistorie.no
-
Finnhvalen 'Goliath' fra Hestnes ble vist fram både i Europa, Afrika og Mellomøsten.
23 meter lang hval fra Hestnes turnerte verden rundt på verdens lengste lastebil
Hvalhistorikere søker flere opplysninger om hvalene ”Jonas” og ”Goliath” fra Hestnes som turnerte både i Europa, Afrika og Østen.
Send opplysninger Til Leif Harald Børnick 970 98 442
År: Ukjent
Kilde: sandefjordshistorie.no
-
Bildet viser båten Finnhval 1 ved Hestnes på Hitra
Kvalstasjonen hadde konsesjon for fangst med tre kvalbåtar ute om gongen.
I 1939 var Bjerk, Haug og Commonwelth namnet på fangstskutene som hadde konsesjon for å fange kval.
Kilde: NDLA (Norsk Digital Læringsarena) v/Bente Merete Heggvik
År: Ukjent
Kilde: sandefjordshistorie.no
-
Hestnes kvalfangststasjon på Hitra var i drift frå 1925 til 1960. Kvalfangststasjonen var ein viktig arbeidsplass med eit stort behov for sesongarbeidarar.
Hestnes kvalstasjon hadde tidlegare lege i Vingvågen i Agdenes, som ligg ved innløpet til Trondheimsfjorden. Ganske raskt vart han flytta til Hitra fordi det var nærare fangstfelta. Ei av årsakene til dette var at då slapp fangstmennene å slepe kvalen over lange distansar. Kvalkjøttet kunne tape seg av å bli frakta over lange avstandar.
Kilde: NDLA (Norsk Digital Læringsarena) v/Bente Merete Heggvik
År: Ukjent
Kilde: sandefjordshistorie.no
Søk på gater, steder, bedrifter, personer og shipping