-
Utarbeidet av kaprtein Nils Larsen på Norvegia ekspedisjonen 1928-29.
Målestokk 1: 50 000
Peter I Øy er ei folketom vulkansk øy i Bellingshausenhavet, 450 km frå Antarktis. Ho er gjort krav på som eit biland av Noreg, og i lag med Dronning Maud Land og Bouvetøya utgjer eitt av tre norske biland i Antarktis og Subantarktis. Peter I Øy er 19 km lang, 11 km brei og 156 km2 stor. Det høgaste punktet er den 1640 meter høge Lars Christensen-toppen. Nesten heile øya er dekt av isbrear og ho er det meste av året omgjeve av pakkis, og er derfor utilgjengeleg det meste av året. Det er lite liv på øya, men det finst noko sjøfugl som sørhavhest og sel.
Øya vart oppdaga av Fabian Gottlieb von Bellingshausen den 21. januar 1821 og kalla opp etter Peter I av Russland. Det gjekk derimot heilt til 2. februar 1929 før nokon gjekk i land på øya, då Nils Larsen og Ola Olstad under den andre Norvegia-ekspedisjonen, finansiert av Lars Christensen, klarte dette. Dei gjorde krav på øya for Noreg, som annekterte ho i 1931 og gjorde ho til eit biland i 1933, Neste gongen nokon gjekk i land på øy var i 1948 og øya har sidan vore åstad for enkelte vitskaplege undersøkingar og noko turisme. Øya vart underlagt Antarktistraktaten i 1961. Sidan 1987 har det stått ein automatisk vêrstasjon på øya.
År: Ukjent
Kilde: sandefjordshistorie.no
Søk på gater, steder, bedrifter, personer og shipping